Min favoritt/my favourite

Min yndlingstur i nærmiljøet går frå Tudorovici til Kosmac festning/Brajici (4 timar). Få hjelp av betjeninga til å få taxi/transport til startpunktet i Tudorovici (nær Blizikuce). Turen passar for folk ned til 10 år. Stien opp fjellsida til klosteret i Ogradenica kan vera litt gjengrodd, men det er berre langs fjellsida. Resten er open sti/veg. Det bur tre nonner i klosteret, og du kan kikka inn i den fine, vesle kyrkja. 

Ta med ein snack og 1,5 liter drikke, og du kan fylla på flaska di i klosterhagen og i ei vannkilde nærmare borga. Bruk gjerne langbukser på vei opp, og skift til shorts på toppen. Start tidlig frå komplekset, seinast 0730, om sommaren, for det blir veldig varmt i løpet av dagen. Då får du oppstigninga i skygge.

Husk kontantar!
Turen ned igjen til kysten kan du ta med buss eller taxi, eller haika.

Her er link til turbeskrivelsen i Komoot